Viser arkivet for stikkord binærkode

110-bits klut med viktig bodskap

Ohlala. Eg har fått ein geeky, heimestrikka klut med eit viktig bodskap i Operasjon Julegåve 2012. Nokon som har hatt tid til å strikke binærkoder – og det på ei veke, noko som tydar på at avsendar er veldig kreativ, handy og har googla seg fram til at eg vil bli veldig glad for å få eit slikt mysterium. Ja, og eit viktig bodskap. Men kva i all verden er bodskapet – og korleis finn eg det ut? Eg treng hjelp!!

Koden er følgande:

0100010101100111001000000011110000110011001000000110111001111001011011100110111101110010011100110110101100100001

Er det overhodet nokon som kan hjelpe meg å finne ut om bodskapen ligg i denne lange, strikka koden?! Eller finst det nokon som har sett eit hint om språkåret i hintetråden?

Og så må eg berre seie at også fargane var veldig meg… Takkar så mykje. Dette er utruleg flott gåve!