Viser arkivet for stikkord blankthjarta

Melding om blankt hjarte i posten

Då har det endeleg kome noko i posten til meg også!! Fekk følgjande origomelding no:

Då har det kome ein pakke til deg med eit blankt hjarte, men utan avsendar og utan stempel på frimerket ca. 12×24×2cm. Skjerf? Sikkert Origonissen.

Eg har så vidt eg veit ingen hemmeleg beundrar eller grunn til å få eit hjarte i posten, så eg går utifrå (og håper) dette er operasjonjulegave-pakken til meg :) Gler meg til å sjå det blanke hjarta. Berre der verker det som om gåvegivaren kjenner meg ;)