Viser arkivet for stikkord digitalentusiasme

Operasjon Julegave: Siste frist 12. desember

Juletre

Vi har plass til enda fleire folk i sona. Vi utvider derfor fristen for påmelding til Operasjon Julegave til 12.desember. Det vil seie du har fem ekstra dagar på å verve nye medlemmer til sona, og vera med i trekninga av ei ekstra magisk julegåve frå Origo.

Kva er dette for eit opplegg?
Vi gir jula ekstra snert, deg ein ny person å kjøpe gåve til og sørger for at du får ei ekstra gåve under treet. Operasjon Julegave er såleis ei tilfeldighetsmaskin. Det er altså ikkje velledighet. Du gir, du får.

Slik gjer du:

  1. Du søker om medlemsskap i sona med postadressa di
  2. Vi stokkar korta og sender deg melding med adresse til eit anna medlem
  3. Du sender gåve innan posten si sendefrist 16. desember
    Flott om du også skapar litt liv i sona, tar eit bilde av kva du har fått og tippar kven du har fått gåva frå.

Kvifor vil du vere med?
Det er morro fordi du ikkje veit kven som gir deg gåve, du lurer på kva signalar du skal sende ut for å få deg det du ønsker deg og etter du har opna gåva frå den ukjendte, sit du att som eit einaste stort spørsmålsteikn: Er det slik folk trur eg er? Korleis kan nokon vite at eg ønska meg dette? Kva i all verda er dette for ei gåve? Kven er det som gir slike gåver? Det er sikkert….

Origo ønsker deg ei god, spennande jul! Du er hjarteleg velkommen!