Viser arkivet for stikkord konfekt

Mattemagi og Arendalskonfekt

Etter innstendig mas frå fleire familemedlem kjem det endeleg eit innlegg om kva eg fekk av Origonissen.

I år fekk eg to gåver, ei som hinta om kvar avsendaren kjem frå og ei som eg kunne bruke i jobben. Eg jobbar som lærar i naturfag og matematikk på ein vgs i Stavanger. Sjølv om eg sikkert kunne brukt Arendalskonfekten i undervisninga, både i ernæring og helse-kapitlet i naturfag og til veldig enkel matematikk, tolkar eg det slik at konfekten er eit hint om at avsendaren kjem frå Arendal. Boka mattemagi er også litt meir naturleg å bruke i skulesamanheng.

Begge gåvene vart mottatt med glede. Tusen takk, ukjente Arendalitt.