Viser arkivet for stikkord korleisskalviengasjerefleire

Bli med og verv til #OperasjonJulegave

Vi skriv midten av november. Vi har berre i underkant av tre veker til å få med oss folk på Operasjon Julegave. Vi er altså inni den fasen kor vi må fortelle alle folk vi kjenner om opplegget.

- Korfor skal vi i grunn ha så mange med oss? Det funker jo så lenge vi er tre stk, spør du deg sjølv kanskje.
- Fordi vi vil at så mange som mogleg skal bli ekstra glade på julafta.

For du aner ikkje før du blir med, kor spennande det er at eit ukjendt menneske brukar den du er på internett for å finne ut kva du kjem til å bli ekstra glad for.

Derfor har eg begynt mi verving på å nå ut til fleire folk. Var på Girl Geek Dinners Oslo sitt #techyjuleverksted på Telemuseet. Eg synes den forklarer Operasjon Julegave ganske godt. Se gjennom :)

Kva tenker du? Sjølv om du ikkje får med mine lekre setningar på kjøpet, så kjem vel bodskapet fram??

Kom gjerne med kommentarar på foils, og tips til korleis vi kan få fleire med oss. Det er ingen grunn til å halde dette for oss sjølve. Har du til dømes nokre venner som passer perfekt for denne julegaveutvekslinga? Korleis tipser du dei og får overtalt dei til å bli med?!