Viser arkivet for stikkord mattavgledeoverateinframandpersonkantreffesåbra

Utan tvil høgdepunktet gåvemessig!

Bh-Herdis med kveitefiskekniv

All denne sprellinga i sosiale medier,
Ikkje visste eg at det gjorde det lett for folk å plukke perfekte gaver!

- Oh my! Korleis i all verden kan nokon vite at eg trengte ny sports-bh, skriker eg ut i glede. Det her er jo eit menneske som kjenner eg meir enn kva eg forteller om meg sjølv. Størrelsen er til og med perfekt.

Så ser eg vidare ned i gåva, og finn ein kveitefiskekniv. Eller det er jo sjølvsagt berre ein fiskekniv.

- Og så er det ein kveitefiskekniv!, seier eg.
- Og den kan du ta med når du skal dykke, seier bror min.

Og så var det eit flott kort som forklarte at ja, sjølvsagt var det ein BH eg kunne ta på meg slik at eg kom meg gjennom sikkerhetskontrollen på reiser, ja, kanskje på kveitefisketur til Lofoten, og då kan eg jo ta med meg ein fiskefilekniv. Dama, ja for eg trur det er ei dame, ville også gi meg eit bokmerke (fordi ho mistenker at eg leser mykje), og ein spade slik at eg kunne grave fram kva Ap i Odda held på med (!), eller ein bunadspose. Eg får også beskjed om å helse mor mi som er skulebibliotekar og glad i å plukke sopp. Makan! Så utruleg flott! Eit ukjendt menneske kjenner meg bedre enn min eigen familie!

Tusen takk! No må eg nett sjekke i den store hintetråden om det verkeleg er slik at den eg trudde som skulle gi meg gåve, har bytta med nokon andre :)