Viser arkivet for stikkord nyhetsbrev

Første nyheitsbrev: No er det tid for å sende postadressa di

Hei!!
Du får denne eposten fordi du er medlem i Operasjon Julegave – vi som gir årets mest spennande julegåve til kvarandre. Takk for at du er medlem!

Det blir Operasjon Julegåve i år også, (hurra!!) og du må no bestemme deg og seie ifrå om du vil vere med eller ikkje!
Om du vil vera med, så send meg epost med postadressa di – slik at vi har ei adresse å sende pakken til. Det blir faktisk veldig enkelt for administrasjonen av julegaveønskene. Seinast onsdag 7.desember får du ein hemmeleg gavemottakar som du kan snuse litt på og finne ei passande gåve til.

Send epost i retur med postadressa di til herdis@apdm.no og du er dermed påmeldt!
Flott om du også les reglane for årets juleoperasjon i sona. Du finn innlegget og opplegget under Frist for å melde seg på Operasjon Julegåve 2011.

Spørsmålet er også: kor mange julepakkeentusiaster klarer vi å verve på den tida som gjenstår? Stas om du tipser bra folk som kan like denne julegaveideen. I dag er vi 106 som er påmeldte. Tenk får vi 120?! Eller kanskje 150! Det hadde vore utruleg flott førjulsgåve!

Sidan dette er årets første nyhetsbrev, er eg ikkje ekspert i korleis det funker, men håper det går greit. Håper også at eg sender fleire slike mails i ein kortkortperiode? Det blir berre for å minne folk om å sende adressa si :) Eg skal prøve å ikkje mase for mykje, og dersom du allereie har sendt postadr di, så kan jo du berre ignorere den nye eposten (om du klarer). :)

Ser fram til at alle epostane med postkasseadresser som skal plinge inn i postkassa mi dei neste timane. Gleder meg, dette blir moro!

Herdis :)
……………………………………..
A-pressen Digitale Medier
+47 47 90 15 68
twitter.com/origogave
twitter.com/herdis