Viser arkivet for stikkord operasjon, julegåve, 2013

Mattemagi og Arendalskonfekt

Etter innstendig mas frå fleire familemedlem kjem det endeleg eit innlegg om kva eg fekk av Origonissen.

I år fekk eg to gåver, ei som hinta om kvar avsendaren kjem frå og ei som eg kunne bruke i jobben. Eg jobbar som lærar i naturfag og matematikk på ein vgs i Stavanger. Sjølv om eg sikkert kunne brukt Arendalskonfekten i undervisninga, både i ernæring og helse-kapitlet i naturfag og til veldig enkel matematikk, tolkar eg det slik at konfekten er eit hint om at avsendaren kjem frå Arendal. Boka mattemagi er også litt meir naturleg å bruke i skulesamanheng.

Begge gåvene vart mottatt med glede. Tusen takk, ukjente Arendalitt.

Tjo ho og ho-ho

Nå er min julegave til Mr X i boks! Det har vært en gøyal prosess, og jeg håper google har gitt meg tilstrekkelig med relevant informasjon slik at innholdet treffer. I morgen suser den av gårde med snegleposten

Operasjon julegåve 2009?

Hei,
vert suksessen frå 2008 gjentatt i år eller er noko som var eit av høgdepunkta i jula i fjor ein saga blott?

Eg har i alle fall eit ønske om at det vert gjentatt i år òg, slik at det vert ein tradisjon.