Viser arkivet for stikkord opplegg2011

Operasjon Julegåve neste år

Jepp, det blir! Det er jo ikkje mogleg å la vær etter slik entusiasme i årets Operasjon – og det før julafta og før gåvene er utdelt. Som ein ekstra bonus, har eg ikkje berre laga opplegg for neste år, men heilt fram til 2015 gjennom Origos sabla gode moglegheiter for å repetere arrangement årleg. Så hurra!! Opplegget, som er diskutert fram av dykk, mellom anna her, er då følgjande:

Dette skal gi deg god tid både til å finne ut at du vil vere med, til å snoke på person og sende innan frist. Ok?

Men ein liten ting eg gjerne vil du skal gjera. Eg har ikkje så tru på at mine setningar selger dette vidare til andre, det er gleda vi opplever, skriver om, formidler i gåver, kommentarar og bra!, som kan lokka andre til å vere med. Kan ikkje du skriva ein setning eller to om kvifor du er med? Gjerne når du melder deg på arrangementet. Typ:

Eg hadde aldri trudd at ein framand kunne finne den perfekte gåva. Makan til stasleg prosjekt! eller Eg er med i Operasjon julegåve fordi… eller berre sei det med eigne ord. Det er best :)