Viser arkivet for stikkord verving

Bli med og verv til #OperasjonJulegave

Vi skriv midten av november. Vi har berre i underkant av tre veker til å få med oss folk på Operasjon Julegave. Vi er altså inni den fasen kor vi må fortelle alle folk vi kjenner om opplegget.

- Korfor skal vi i grunn ha så mange med oss? Det funker jo så lenge vi er tre stk, spør du deg sjølv kanskje.
- Fordi vi vil at så mange som mogleg skal bli ekstra glade på julafta.

For du aner ikkje før du blir med, kor spennande det er at eit ukjendt menneske brukar den du er på internett for å finne ut kva du kjem til å bli ekstra glad for.

Derfor har eg begynt mi verving på å nå ut til fleire folk. Var på Girl Geek Dinners Oslo sitt #techyjuleverksted på Telemuseet. Eg synes den forklarer Operasjon Julegave ganske godt. Se gjennom :)

Kva tenker du? Sjølv om du ikkje får med mine lekre setningar på kjøpet, så kjem vel bodskapet fram??

Kom gjerne med kommentarar på foils, og tips til korleis vi kan få fleire med oss. Det er ingen grunn til å halde dette for oss sjølve. Har du til dømes nokre venner som passer perfekt for denne julegaveutvekslinga? Korleis tipser du dei og får overtalt dei til å bli med?!

Klar for Operasjon Julegave 2012?

Julafta har blitt forutsigbar. Vi veit kven vi får gåve fra, vi veit kva vi får. Vi veit på førehand om alle gledene, skuffelsane og vi veit at jula kjem til å bli akkurat som jula i fjor. Men blir du med på Operasjon Julegave, så er du garantert ei overrasking. Du får ei gave slik ein ukjendt ser deg. Basert på dei spora du har lagt ut om deg sjølv. I samfunnet, på nettet, i samtalar på her på Operasjon Julegave.

Konseptet er komplisert. Eller enkelt om du vil.

Du skal gi ei julegåve til nokon du ikkje kjenner – og få gåve frå ein annan du ikkje kjenner.

- Javel, hvordan i all verden kan det bli suksess?, tenker du.
- Vel, mange gjer som vi seier. Dei får ein person i god tid, og tar seg tida til å google, snoke, stalke den dei skal gi gåve til. Dei finn slik ut kva personen ønsker seg, – og gir då ei gåve som går rett inn i hjerterota til den dei ikkje kjenner. Er ikkje det fint?
- Men jeg har jo så mange å kjøpe til, og det er jo så stress. Jeg har jo ikke tid til dette!
- Nei, har du ikkje tid, så har du ikkje tid. Det er jo ikkje noko vi kan hjelpe deg med. Du stresser litt og får mykje glede tilbake. Det er jo det jula er blitt.
- Men altså, julafta. Vil du at jeg skal legge den pakken under treet, eller hva?
- Ja, det er akkurat det vi vil!! Vi trur nemleg at du vil ha stor glede av

Sjå kor glad mattelæraren er for å få ei bok om matte!

  1. å bli medlem i Operasjon Julegave (melde deg på arrangementet OG sende inn postadressa di) – før 5. desember
  2. skrive og hinte om kva du har kjøpt i ein samtale her i denne bloggen
  3. lese og sjekke om den du skal gi til skjønner hvem du er
  4. legge pakke under juletreet, spare den til slutt og måtte fortelle heile familien kven “Origonissen i Operasjon Julegave” er, og måtte fortelle om kven du gav og kva du gav vedkommande.
  5. merke at heile familien blir misunnelig på din gave
  6. ta bilde av gåva di, og dele det med oss andre i bloggen
  7. finne ut kven som gav deg så fin gåve,
  8. få ein ny venn i (nett)kretsen din

Vi vil gjerne at du skal bli med.
Dess fleir med, dess fleire fine stunder på julafta.

KVEN ER DU?

  • leiken, nysgjerrig og glad
  • ein som får alt for få gåver til jul
  • som synes det kjekkeste er å gi
  • person som gjerne gir gåver til barn i fattige land, men ser også gleda i å kunne gi til ein ukjendt, heilt vilkårleg person i Norge om det skal til for å glede nokon.

KVEN ER VI?

  • ildsjeler som arrangerer Operasjon Julegave for femte år på rad
  • folk som liker å bruke snoking på internett til noko konstruktivt og bra
  • veldig ideelle
  • nokon som ikkje tjener noko som helst på dette

100 mennesker gav gåve til ein dei ikkje kjendte i fjor. Kor mange trur de har lyst til å bli med i år? Har du lyst å bli med? Si ja, bli medlem i sona og vi kjem tilbake til deg med viktig info.

VIKTIG INFOLANGT: